商用無料の写真検索さん
           


Eit utopisk sekund : 無料・フリー素材/写真

Eit utopisk sekund / ø
このタグをブログ記事に貼り付けてください。
トリミング(切り除き):
使用画像:     注:元画像によっては、全ての大きさが同じ場合があります。
サイズ:横      位置:上から 左から 写真をドラッグしても調整できます。
あなたのブログで、ぜひこのサービスを紹介してください!(^^
Eit utopisk sekund

QRコード

ライセンスクリエイティブ・コモンズ 表示-継承 2.1
説明Det kunne vel ha vore kvar som helst og når som helst, men i dette tilfellet snakkar vi om ein fortauskafé i bydelen Alfalfa i Sevilla, sør i Spania. Datoen er 18. mai, og klokka nærmar seg halv sju. Den eine av dei to personane som no stiller seg opp like ved bordet der vi sit, går rundt med eit tangentbrett på storleik med sin eigen kropp. Vi drikk små ettermiddagsøl og et små tapas som vi har bestilt på stotrande spansk utan å vere heilt sikre på kva vi ville få.Dei to musikantane har kome forbi dette bordet, sett på ansikta og kroppane som sit her, og tenkt: Her stiller vi oss opp. Her gjer vi det vi gjekk ut for å gjere. Vi dreg nummeret vårt, slår instrumentet på, trykkjer på knappen, trykkjer inn tangenten. No.Tangenten – som straks via elektronikk kan frambringe all verdas lydar – dirrar litt. Det er fingeren som får tangenten i kvit plast til å dirre litt, tangenten får fingeren til å nøle litt, og begge musikantane nøler med heile kroppen. Er alt klart? Kva slags lyd vil det bli denne gongen? Også eg har eit par spørsmål i dette sekundet før dei set i gong. Eitt av dei er denne grunnleggande undringa som av og til kjem til overflata: kvifor? Kvifor står desse to personane der på fortauet med – så vidt eg kan sjå – eit keyboard av merket Yamaha, nærare bestemt PSR E403? Dei kunne valt ein tuba, ein cello, ei harpe, eit trekkspel eller ei blokkfløyte, men nei, det må vere ein Yamaha PSR E403, eit instrument som med ei vekt på 12 kilo skal ha potensialet til å omfatte alle andre instrument, og fleire til. Og like godt tenkjer eg: Kvifor er ikkje scenen omvendt, at det er eg, vi som står der med tyngda av dette instrumentet hengt rundt halsen, og desse to personane som sit ved fortausrestauranten og tek ein slurk øl? I like stor grad som spørsmål er det likevel forventning som fyller dette sekundet. Det er eit alvor i opptakta til desse to musikantane si forestilling, som gjer at vi – no før dei set i gong – kveler det vi eventuelt måtte ha av smil eller kanskje latter. Og plutseleg får vi det for oss at dei må skjøne noko. Dei skjøner – betre enn oss – kvifor vi er her, akkurat her, akkurat no. Vi tenkjer: Det er grunnleggande usikkert kva som no vil kome. Den eine av dei to står med ein draum på magen, draumen om å kunne vere i stand til å kunne frambringe kva lyd som helst. Det går an å bestemme seg for at noko skal skje, uttrykkjer dei to musikantane der dei står. Det går an å bestemme seg for eit uttrykk, ein lyd, ei stemning, ein melodi, og så: ei tid og ein stad der desse skal bli verkelege. Camareroen ved fortausrestauranten har gitt oss tapas, fordi vi er i Spania og forventa tapas, men dei to musikantane ser ikkje ut til at dei har tenkt å gi oss noko vi forventar. Vi sveittar, varmen er trykkande denne ettermiddagen i Sevilla, men ein kald slurk er på veg ned i halsen, og ei klam hand held rundt eit kaldt glas på veg mot bordet. Enkelte augneblinkar kan alt trygt falle, og dette er ein slik augneblink. Forventning! Om så berre eit sekund av det! Nokon tenkjer – kan det vere eg? – at dette har med det utopiske å gjere. Eg lar meg rive med av forventninga, uansett kor kort ho måtte vere, med sveitte under armane og ei svak prikking under fotsolane. Denne kjensla av at ein kan få høyre og bli vitne til kva som helst, sjølv om ein likevel innerst inne veit at det ikkje vil skje. Dette vesle sekundet før tangenten blir trykt inn er fylt av denne uroa, som ikkje er det same som forventninga om det måltidet vi kjem til å innta seinare på kvelden eller dei gatene vi kjem til å vandre i dagen etter. Etter framføringa kjem musikantane til å vente pengar, og dei kjem til å spørje om vi har ein sigarett før dei går vidare til eit anna bord, i ei anna gate. Men det høyrer til i ein annan tekst og eit anna bilete. No er alt berre forventning og hypotese. Dei nøler eit sekund. Så byrjar dei å spele, eg tek opp kameraet, og det er over.---------------Frå Dag og Tid 25. mai 2006
撮影日2007-05-18 18:22:39
撮影者ø , Oslo, Norway
タグ
撮影地
カメラDYNAX 5D , KONICA MINOLTA
露出0.033 sec (1/30)
開放F値f/3.5
焦点距離18 mm


(C)名入れギフト.com